Om Indre Nordfjord Turlag
Indre Nordfjord Turlag (INT) er lokalisert i Stryn og Hornindal. Vi er eit lokallag av DNT Sogn og Fjordane . INT arrangerer årleg ein rekke helgeturar, i tillegg arrangera vi onsdagsturar i sommarmånadane. Ta kontakt med lokallaget for meir informasjon.
Indre Nordfjord Turlag er DNT sitt lokallag i Indre Nordfjord, og skipar til fjell- og breturar i heile distriktet. Som turleiarar har vi erfarne fjell- og breførarar som tek deltakarane trygt fram i den storslåtte og mektige fjellnaturen i området vårt.
På turane våre kan du oppleve dei fantastiske kontrastane det er å gå frå grøderike dalar med fjordar, elvar og vatn, oppover grøne lier, oppleve den mektige blåisen som heng nedover fjellsidene og vandre over snødekt, skinande kvit isbre, der nakne steinmassiv av og til stig opp over breen. Ei naturoppleving det knapt finst maken til!
Indre Nordfjord Turlag - Styret
Olav Auflem - Leiar
414 65 056
Odd Henrik Berge - Nestleiar
977 16 690
Idar Skogli - Økonomiansvarleg
918 71 887
Anne Notøy - Sekretær
Eva Guddal - Styremedlem
913 27 887
Bente Sunde - Kurs og Fjellsport
476 46 560
Renate Berstad - Styremedlem
933 65 068
Pål Taraldsen - Varamedlem
916 27 423
Jan Skaare - Varamedlem / Webansvarleg
900 24 806
Indre Nordfjord Turlag - Vedtekter
Vedtektene for Indre Nordfjord Turlag blei oppdatert i 2016.
Oppdaterte vedtekter finner de Her.
Årsmeldinger
Lokale medlemsfordeler
Sport 1, Ytre- Eide Sport:
- Rabatter til turlaget sine medlemmer: (Ordinære varer i butikk)
- 20 % avslag på fjellsko & hiking sko.
- 15 % avslag på skiutstyr.
- 15 % avslag på fiskeutstyr.
- 15 % avslag på turrelatert bekledning. Gjeld blamt anna desse merkene; Aclima, Haglofs, Norrøna, Arcteryx, Lundhags, Swix, Dæhli, Bergans, Twentyfour, Houdini, Patagonia, Hestra, DarnTough, Smartwool, Jotunheim, Ulvang, Devold.
- 15 % avslag på friluftsutstyr (gjeld ikkje GoPro)
- 10 % avslag på Real Turmat.
- For å få rabatten må medlemmande framvise gyldig medlemsbevis.
- 2 gongar i året vil Ytre-Eide Sport AS ha medlemsdagar der INT sine medlemmar får 20 % rabatt.
- Det vert ikkje gjeve rabatt på varer som er nedsett eller på sal.
XL - Bygg Sølvberg AS:
- 15 % rabatt ved kontantkjøp av varer hjå XL BYGG Sølvberg.
- NB! Dette gjeld ikkje på kampanje og nettoprisa varer.
- For å få rabatten må medlemmande framvise gyldig medlemsbevis.