Overnattingstur Runde Fyr

Fellestur

Fra dato
22. juni kl. 12:00
Til dato
23. juni kl. 18:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Hytteovernatting, Fyrbesøk, Rundefyr
Arrangør
Indre Nordfjord Turlag
Turområde
Sunnmørsalpane (se kart)

Vi køyrer kl. 12.00 frå Strynehallen, ta kontakt med turleiar om du vil starte turen frå andre stadar. Frå Stryn til parkeringsplassen ved Gogsøy tek det ca 1. t og 45 minutt. Vi går samla frå parkeringsplassen kl. 14.00. Runde fyr ligg på Kvalneset på nordvestspissen av fugleøya Runde. Det er 2.8 km å gå i lett terreng på god sti med stigning frå  ca 0 moh til 250 moh før vi går ned til fyret ved ca 0 moh. 

Runde fyr er eit av 80 freda fyr i Norge og inngår i kystledsamarbeidet mellom DNT, Forbundet Kysten m.fl. Det er den nyaste fyrvokterboligen på fyrstasjonen som er gjort om til sjølvbetjent hytte med 24 sengar fordelt på to rom med 6 sengar, to med fire sengar, ei seng under trappa i gangen og 3 senger på "storeloftet". 

Hytta har innlagt vatn og straum. Vi lagar felles måltid laurdag kveld,  ta elles med mat og drikke til eige bruk. Du kan kjøpe mat frå sjølvbetjeningslager. Like utenfor husa på fyrstasjonen bryter bølgene mot berget rett inn fra storhavet, og rundt deg er det et yrende fugleliv. Vi kan gå rundturen på øya og besøke fuglefjellet.
Det er tilrettelagt for hund i uthuset med madrasser og bur. Meir info finn ein her

Påmelding til turleiar på SMS 990 26 168

Gratis for medlemmar i Indre Nordfjord Turlag, kr 100 for medlem i DNT,kr 200 for ikkje medlem  (Vipps NR 108817) - Kvar enkelt betaler for overnatting / spleisar på skyss.

 

Overnattingstur Runde Fyr

Vi køyrer kl. 12.00 frå Strynehallen, ta kontakt med turleiar om du vil starte turen frå andre stadar. Frå Stryn til parkeringsplassen ved Gogsøy tek det ca 1. t og ...

Kontaktinformasjon: