Avleisetra med Barnas Turlag

Fellestur

Dato
11. august kl. 12:00 - 15:00
Passer spesielt for
Barn
Turtyper
Fellestur, Fottur, Barnasturlag, Indrenordfjord
Arrangør
Indre Nordfjord Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)
Dette arrangementet er over!

Turen til Avleisetra i Olden er ein flott tur der du kjem deg til 780 moh. Her får du fantastisk utsikt over fjorden og mot Skåla. Turen til sjølve setra frå parkeringa på Avleiåsen tek ein god time for barn som er vande med å gå på tur. God tursti opp skogen til setra med jamn stigning.

For å kome deg til parkeringa på Avleiåsen som ligg på ca.400 moh tek ein til venstre ved Olden Ungdomskule og følger vegen opp Muri. Etter du har køyrt igjennom gardstuna fortsett du på grusvegen vidare oppover i ca.10 minutt. Vegen opp er stortsett bra. Ta hensyn til beitande dyr og lat att alle grinder etter passering. På parkeringa går du ein graskledd skogsveg opp ein bakke, så tek du til venstre inn skogen på stien til setra.

Oppmøte ved Olden Ungdomskule klokka 11.45, alternativ direkte på parkeringsplassen klokka 12.00

Avleisetra med Barnas Turlag

Turen til Avleisetra i Olden er ein flott tur der du kjem deg til 780 moh. Her får du fantastisk utsikt over fjorden og mot Skåla. Turen til sjølve setra ...

Kontaktinformasjon: