Turen til Marsåhyrna gjev frå toppen ei fantastisk utsikt over Oppstryn og Strynedalen. Ein starter med å køyre eit stykke på skogsvegen frå Veslebygda (bilane må være litt høgre enn vanlig).
Når ein parkerer fortset ein oppover Furudalen på ganske god sti. Ein passerer Furesetra og kjem opp til det 1. Botnevatnet der det er fleire hytter.
Derifrå går ein utan sti til toppen av Marsåhyrna (1340 moh.) der ein sansyligvis får løn for stevet i form av flott utsikt.
Etter ein god pause på toppen returnerer ein same veien.
Ein kan forvente at turen tar 6-8 timar.
Oppmøte ved Strynehallen klokka 09.00
Turleiar: Alf Ståle Flo tlf 911 25 713
Gratis for medlemmar i Indre Nordfjord Turlag, kr 100 for medlem i DNT,kr 200 for ikkje medlem (Vipps NR 108817)