Avlyst Skridulaupen

Fellestur

Dato
10. april kl. 10:00 - 17:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Turtyper
Fellestur, Skitur,
Arrangør
Indre Nordfjord Turlag
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst. Denne aktiviteten er desverre avlyst grunna koronavirus

Skridulaupen er eit av dei høgste fjella ein ser frå riksveg 15 over Strynefjellet. Med sine 1949 moh.syner det godt frå Grotli.

Ein køyrer privatbiler til Grotli ( 900 moh.) der ein svinger til høgre bortover til parkeringa ved demninga på gamle Strynefjellsvegen. Når ein starter å gå krysser ein over Måria på ei bru og vidare litt stigning opp mot Åfåttjønin og breen. Her er det litt brattere før det flater ut mot toppen. Etter ein tur på ca 3 timer kan ein forhåpentlig vis nyte den storslagne utsikta frå toppen. Retur same vegen.

På denne turen kan ein bruke fjellski, telemarkski eller randoneeski. Turen går ikkje i rasfarleg område, men ein må passe seg for skavlen på toppen.

Gratis for medlemmar i Indre Nordfjord Turlag, kr 100 for medlem i DNT,kr 200 for ikkje medlem  (Vipps NR 108817)

Oppmøte ved Strynehallen kl 10.00 (Turstart ca kl 11.00)

Turleiar: Per Jakob Kyrkjeeide  92223002


Turen opp tek ca 3 timar.



Her er bilete som Per Jakob tok på ein tidleger tur.













 

Skridulaupen

Skridulaupen er eit av dei høgste fjella ein ser frå riksveg 15 over Strynefjellet. Med sine 1949 moh.syner det godt frå Grotli. Ein køyrer privatbiler til Grotli ( 900 moh.) ...