Nuken Tystigbreen

Fellestur

Dato
6. juni kl. 10:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Turtyper
Fellestur, Skitur, Skitur., Sommerski, Randoneetur
Arrangør
Indre Nordfjord Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)

Denne turen til Nuken er ein skitur som starter frå Strynefjellet Sommerski på Tystigen. Ein tar stolheisen opp til breen der ein tar på fellane og traskar oppover vel 200 høgdemeter før ein kjem opp på breplatået. Herifrå er det slak stigning heilt fram til ei høgde der ein må gå nedatt ca 50 høgdemeter. Derfrå er det jamn stigning i ca 2 km før ein når toppen på 1837 moh. Herifrå er det god utsikt til Oppstryn, vidare vestover og fjellheimen rundt. Turen er 5 km lang ein veg, og ein går same vegen tilbake. 

Ein bør ha randoneeutstyr eller telemark på denne turen. Skredpakke kan og være greit.

Gratis for medlemmar i Indre Nordfjord Turlag, kr 100 for medlem i DNT,kr 200 for ikkje medlem  (Vipps NR 108817) Kvar enkelt må og kjøpe billett til stolheisen.

Oppmøte ved Strynehallen kl 10.00 eller ved Strynefjellet  Sommerski på Tystigen kl 11.00. Men samkøyring er bra.

Turleiar: Odd Henrik Berge 9771 6690

Nuken Tystigbreen

Denne turen til Nuken er ein skitur som starter frå Strynefjellet Sommerski på Tystigen. Ein tar stolheisen opp til breen der ein tar på fellane og traskar oppover vel 200 høgdemeter før ...

Kontaktinformasjon: