Via Ferrata Loen

Fellestur

Dato
13. juni kl. 13:00 - 22:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Klatretur, Viaferrata
Arrangør
Indre Nordfjord Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)
Dette arrangementet er over!

Dette er ein tur der ein bør være i god fysisk form og ein må tåle høgder.

Vi møtest på parkeringa ovanfor vegen ved Loen Skylift kl 13.00. Ta med rikelig drikke ( 2-3 liter) + mat. Sko eller fjellsko bør ikkje ha veldig mjuk sole. Hansker kan være greit å ha ( dei bruker å selje i Loen Active-butikken). Turlaget tilller med klatresele, via-ferrrataslynge og hjelm. Vi føl gjeldande Korona-regler og utstyret har ikkje vore i bruk siste dagane. Meir info kan ein finne her:  https://www.loenactive.no/aktivitetar/sample-page 

Dette er ein tur for vaksne.
Oppmøte Strynehallen kl 12.45 eller Loen Skylift kl 13.00.
Vi starter frå Loen Skylift og går opp annlegsvegen og videre på sti opp til innsteget på klatrestien som ligg på 440 moh. Her starter klatringa med Via Ferrata-slynger og vi går over brua. Dei som vil kan og prøve seg på strengen litt høgre oppe. Videre klatring opp til 880 moh. og  gange derifrå opp til Hoven på 1011 moh. Turen nedatt kan gå med pendelbana eller ein kan gå anleggsvegen ned til Oppheim (der må vi i so fall køyre opp ein bil før turen starter).
Turavgift: INT-medlem: kr 400, DNT-medlem: kr 600, Ikkje medlem: kr 800. Eventuell billett til pendelbana må ein koste sjølv.

Påmeldingstidpunkt: innan laurdag 12. juni kl 18.  (for medlemer i Indre Nordfjord Turlag: 1.-12. juni. For andre: 7.12. juni,   begrensa plasser).
Påmelding via nettsida.
 

Via Ferrata Loen

Dette er ein tur der ein bør være i god fysisk form og ein må tåle høgder. Vi møtest på parkeringa ovanfor vegen ved Loen Skylift kl 13.00. Ta med rikelig ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Odd Henrik Berge