Oldeskaret- Stardalen

Fellestur

Dato
16. august kl. 09:00 - 18:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Nordfjord
Arrangør
Indre Nordfjord Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)

Oldeskaret er ei gamal ferdselsrute mellom Oldedalen og Stardalen. Turen startar frå Melkevoll (140 moh.) med noko bratt oppstigning til ca 600 høgdemeter. Men stien er nyleg oppgradert av sherpaer som har laga til fine trappetrin og på dei brattaste partia er det tilrettelagt med kjetting. Ein får raskt utsikt over Oldedalen og etterkvart som ein stig kjem også Briksdalsbreen og til syne. For å få ei flott utsikt over dalen og breane kan ein ta ein liten avstikker bort til fossen i elva Svadåna. 

Når ein nermar seg sjølve skaret krysser ein ei elv som er tilrettelagt med ei flott bru. Her oppe ligg og steinhytta Jarbu. På det høgaste punktet på 1100 moh er det ein fin varde som markerer stemneplassen.  Det var i samband med unionsoppløysinga at folket  i Olden og Stardalen tok til å halde  sommarstemne her.

Etter ein god matpause på stemneplassen vandrar vi vidare mellom fjell, vatn og bre. Vi går ned langs Storevatnet og over Spelemannsmyra før vi kjem ned til Haugastøylen. Nedanfor Haugastøylen kjem vi inn på ein grusvei som vi føl ned til Høyset i Stardalen der bussen venter. Den køyrer oss tilbake til Oldedalen der privatbilane står. Gåturen tek omlag 6 timar.  

Frammøte Strynehallen kl 09.00 eller Olden Skule kl 09.20 for samkøyring til Melkevoll Bretun i Oldedalen. Turstart kl 10.00 frå Melkevoll Bretun. Bussen som henter oss i Stardalen køyrer oss tilbake til Melkevoll Bretun, men det er mulig å gå av i Olden.

Pris for tur/buss:
Kr 150 for medlemmar i Indre Nordfjord Turlag, kr 250 for medlem i DNT,kr 350 for ikkje medlem. Halv pris for barn og ungdom (0-26 år)  (Påmelding og betaling på heimesida -er du INT medlem så legg inn INT i rabattfeltet) 
Det er begrensa plasser på denne turen.

Påmelding i tidsrommet 1.mai til 15.august.

Turleiar: Odd Henrik Berge   tlf 9771 6690
 

 

Oldeskaret- Stardalen

Oldeskaret er ei gamal ferdselsrute mellom Oldedalen og Stardalen. Turen startar frå Melkevoll (140 moh.) med noko bratt oppstigning til ca 600 høgdemeter. Men stien er nyleg oppgradert av sherpaer ...

Kontaktinformasjon: