Kårdalstindane 1469 moh

Fellestur

Dato
23. august kl. 09:00 - 20:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer, Fjellsportinteresserte
Arrangør
Indre Nordfjord Turlag
Turområde
Sunnmørsalpane (se kart)

Dette er ein tur med fantasisk utsikt over Hjørundfjorden og fjella rundt.

Turen startar ved øvste huset på Sellereite (køyr forbi Bjørke og ta av på Leira oppover gardsveien).
Råsa går bratt gjennom skogen opp mot Reset på tregrensa, me får der fyrste flotte utsikta over Hjørundfjorden. Terrenget vert opnare og råsa fortset inn og opp Nedrekårdalen mot skaret mellom Høgehornet og Kårdalstindane.
Me fylgjer dalen innover eit lite stykke,krysser elva og startar på oppstiginga mot Kårdalstindane.
Terrenget me no møter er delvis rås men stein og bratt ur dominerar ryggen opp mot fyrste toppen. Vidare går me opp mot varden på hovedtoppen 1469 moh.
Kvitegga 1717 ,Hornindalsrokken, Storhornet,Skjåstaddalen kan bivånast når me tek ei matpause ved varden.
Den finaste utsikta vert når me tek ein rundtur på platået, Litledalen og "Vår Herres Skosyl"kan bivånast på veg mot Holshornet og Årvikstindane. Me får ei god utsikt over verdens vakraste fjord, Hjørundfjorden ; ), med Jakta,Nesethornet,Skårasalen og Viddal, som ligg nede ved fjorden.

Returen går fyrst i storur ,litt nedover for so å gå litt oppover til me kjem inn på råsa ned i Kårdalen og me går same ruta til Sellereite.
Det vert høve til å ta eit bad i fjorden før me set oss i bilane å køyrer heim.

Alle skal ha gode sko med skikkelig såle og helst ankelstøtte. Joggesko og støvlar får ikkje vere med på turen.
Ta med varme klede,vindstoppar,lue,vottar,haudelykt .nok mat.
Det kan vere lite vatn undervegs,ein må ha med minst ein liter vatn ved oppmøte.

Gratis for medlemmar i Indre Nordfjord Turlag,kr.100 for medlem DNT,kr.200 for ikkje medlem ( Vips nr. 108817 )

Kårdalstindane 1469 moh

Dette er ein tur med fantasisk utsikt over Hjørundfjorden og fjella rundt. Turen startar ved øvste huset på Sellereite (køyr forbi Bjørke og ta av på Leira oppover gardsveien). Råsa går bratt ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Oddhild Saure