Bretur - Vetledalssetra - Jostedalen

Fellestur

Fra dato
3. juli kl. 17:30
Til dato
4. juli kl. 17:00
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Fjellsportinteresserte
Arrangør
Indre Nordfjord Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)
Dette arrangementet er over!

Breturen Vetledalssetra - Jostedalen er ein flott bretur for godt trena personar og for dei som likar å gå breen (ane ) til fots sommarhalvåret. Vi legg opp til start frå Veteldalssetra laurdag 4.juli kl.06.00 og beregnar mellom 10 - 12 timar på turen. Framme ved Styggevassdammen og ved Viva vert vi henta med buss. Oppmøte ved Strynehallen fredag 3.juli kl.17.30 for samkøyring til Erdalen. Vi går så til Vetledalssetra og overnattar der til laurdag. Hugs lakenpose/lett putevar ( jfr. smittevernreglar) Vi har event. hengekøyer til utlån. Minner også om at ein bør ha med varme kle inkl. hue og vottar når ein skal på breen. Gamasjar kan også vere greit å ha. Alt breutstyr vert ordna av INT. På denne turen har vi med oss guide frå Norgesguidane Endre Vonheim. Laurdag morgon går vi opp Vesledalen til Vesledalsbreen og Torsgryta. Vidare mot  Klubben ( 1608 moh) og Austedalsbreen mot Austedalsvatnet og Styggevatnet som vart oppdemt under kraftutbygginga i Jostedalen på 1980 talet. 

Pris på heile turen inkl. overnatting/guiding og skyss tilbake til Stryn: kr. 1500.00 medlemar DNT/INT og kr. 1800.00 for ikkje medlemmar. Halv pris for ungdom 13-26 år !

Påmeldingsfrist: Onsdag 1.juli. Maks. 12 deltakarar.  

Bretur - Vetledalssetra - Jostedalen

Breturen Vetledalssetra - Jostedalen er ein flott bretur for godt trena personar og for dei som likar å gå breen (ane ) til fots sommarhalvåret. Vi legg opp til start ...

Kontaktinformasjon: