Urkeegga - AVLYST

Fellestur

Dato
20. september kl. 08:30 - 18:30
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Turtyper
Fellestur, Fottur, Aktivitet Topptur
Arrangør
Indre Nordfjord Turlag
Turområde
Sunnmørsalpane (se kart)
Dette arrangementet er over!

AVLYST

 

Denne turen har blitt utsett til 20. september. Urkeegga er ein merka rundtur over ein fjellrygg og to fjelltoppar, Klokksegga/Egilbu (944) og Maudekollen (1021). Stien over Urkeegga er bratt og ganske luftig. Litt kliving på eit par punkt, men ikkje eksponert. Flott utsikt over Urke, Øye og Norangsfjorden/Hjørundfjorden. Denne rundturen kan ein gå begge vegar. Vi startar truleg med dei bratte partia opp egga og går ned på baksida, dette bestemmer vi ved turstart. Om nokon i turfølget ikkje vil gå over Maudekollen vil ei gruppe gå ned i Langesæterdalen (raud løype), altså ein kortare tur, ikkje heile Urkeegga. Tid: Heile turen; 6-7 timar. Vanskegrad: Krevjande. Stigning: ca. 900 høgdemeter. Lengd: ca 10 km. Rute: Urke–P-plass ved Haugane–Klokksegga-Maudekollen–Myrsætra-Haugane. Tilkomst: Fv. 655 til Urke, og merka veg opp mot Hjellane/P Urkeegga (kr. 50,- avgift). Kart: Turkart Sunnmørsalpane Aust, 1:50 000. 

Oppmøte Strynehallen kl. 8.30 eller YX Hornindal kl. 8.50. Påmelding. Max 20 personar i gruppa. Pris: Medlem i INT kr. 0,- Medlem i andre lokallag kr. 100,- Ikkje medlem i DNT: kr. 200,- Guide: Runa Bakke, Friluftsforeninga Volda. Kontaktperson/turleiar INT: Siv R. Lillestøl tlf. 99 02 61 68

 

Urkeegga - AVLYST

AVLYST   Denne turen har blitt utsett til 20. september. Urkeegga er ein merka rundtur over ein fjellrygg og to fjelltoppar, Klokksegga/Egilbu (944) og Maudekollen (1021). Stien over Urkeegga er ...