Haugsvarden

Fellestur

Dato
27. september kl. 09:00 - 17:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangør
Indre Nordfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)

Haugsvarden ligg i Gloppen Kommune med flott utsikt utover fjorden. Toppen ligg 862 m.o.h. og er eit flott turmål som er mykje nytta i Gloppen. Det er enkelt å kome seg dit for alle, då ein har høve til å køyre ganske langt før ein startar turen. Indre Nordfjord Turlag har lagt opp turen frå Utviksida, og den vert straks då litt lenger, men overkommelg for dei fleste. Vi køyrer til parkeringa ved Tisthamarstøylen og går turen derifrå. Returen er muleg vi går via Moldreimsstøylen og tilbake til utgangspunktet. Det vil nok vere litt våte myrområder, så hugs gode sko. Turleiar vert Bjørn Tisthamar ( tlf. 91561798) og underteikna vert med som "baktropp". Oppmøte ved Strynehallen kl. 09.00, Sentrum Utvik ca. 09.45 og då vil vi vere på Tisthamarstøylen i 10 -tida. 

Medlemmar INT gratis. Medlemmar andre turlag kr. 100.00. Ikkje medlemmar i DNT kr. 200.00

Haugsvarden

Haugsvarden ligg i Gloppen Kommune med flott utsikt utover fjorden. Toppen ligg 862 m.o.h. og er eit flott turmål som er mykje nytta i Gloppen. Det er enkelt å kome ...

Kontaktinformasjon:

  • Bjørn Tisthamar
  • Tlf. 91561798

Turledere:

  • Olav Auflem
  • Bjørn Tisthamar