Dette er ein fin randonetur med flott utsikt frå toppen viss været er brukbart. Vi starter frå Grasdalen (900 moh.) og går forbi skredstasjonen i retning Grasdalsvatnet. Men vi dreier vestover mot høgde 1517 og videre mot toppen på 1606. Vi satser på eit fint renn ned att til bilane.
Dette er ein ganske lett tur som ein kan forvente tar 4 - 5 timar.
Dette er ein ganske trygg tur der ruta ikkje går direkte i skredterreng. Alle som har skredutstyr og hjelm bør uansett bruke det.
Alle må melde seg på via linken. Avreise frå Strynehallen kl10.00.
Gratis for medlemmar i Indre Nordfjord Turlag, kr 100 for medlem i DNT,kr 200 for ikkje medlem (Vipps NR 108817)