Skjorta på Breim (1472 moh)

Fellestur

Dato
25. juli kl. 09:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Nordfjord Turlag

Skjorta er eit ikonisk fjell som ligg i enden av Breimsvatnet, sett frå Reed i Gloppen. Frå den sida ser det nærast umogleg ut å bestige dei 1472 meterane som stuper rett ned i vatnet, men det finst fleire alternativ for dei som vil til topps på det mykje fotograferte fjellet. Den mest brukte ruta er frå Helgheimsstøylen i Jølster.

Turen startar gjennom støylen, og held fram gjennom Vasskaret mellom Brekkefjellet og Vardefjellet. Der er god stigning, men råsa er tydeleg og det er lett å sjå kvar ein skal gå. Når ein skal gjennom skaret er det litt meir krevjande å finne den beste traseen; der er det relativt bratt, samt at der ligg ein liten bre. Når skaret er forsert flatar det ut, og ein går i lett terreng mellom Vasskarvatnet og Tverrlivatnet. Ruta er godt merka, men det kan vere blaute parti før ein begynder på ryggen opp mot sjølve Skjorta.

Den siste delen av stigninga opp mot toppen går i steinete terreng, og godt skotøy kan vere ein fordel med tanke på fotfeste. Der det flatar ut er det ein varde, men det er ikkje denne som er toppen av fjellet. Når ein kjem opp på platået har ein igjen omlag 20 minutt, delvis i snø, før ein er på sjølve toppen, 1472 m.o.h. Det er mogleg å gå lenger fram mot kanten for å sjå ned i Årdalen og fram til Reed, men det er bratt ned, så her må ein vere forsiktige.

Turen er ca 7,5 km ein veg, og berekna tid ca 6 timar.

Ein svingar av til Helgheimsstøylen like sør for Helgheim kyrkje. Her er det traktorveg, og ein fordel å ha bil som er litt høg under. Det er parkering for ei handfull bilar nokre hundrede meter nedanfor støylen.

Kontaktinformasjon:

  • Per Jakob Kyrkjeeide
  • Tlf. 92223002