Lodalskåpa

Fellestur

Dato
3. juli kl. 08:00 - 20:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Bretur, Fottur,
Arrangør
Indre Nordfjord Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)

Turen går først på god sti mot Bødalsbreen , ved ei av morene tek ein av frå stien og går mot Fessene. Opp mellom elvane vert det bratt før det flater ut igjen inn mot brattebakken. Opp Brattebakkane er det veldig bratt, men god sti, her vert det også ein lengre pause med moglegheit for å fylje vatn. Når ein kjem opp til brekanten av Bohrsbreen går vi i taulag til Kåpa. Før ein byrja på siste etappen opp mot toppen går ein inn i eit luftig parti som heiter Hanken, før ein klyv opp ura til toppen. Retur same veg og ofte kan en skli på snøfenner ned deler av brattebakkane.

Turlaget held nødvendig breutstyr som tau,kombisele,stegjern og isøks.

Dette er en lang og krevjande tur på 20 km t/r , og kan ta 11 - 12 t. Ein må ha fjellsko og vinterbekledning i tillegg til god form.

Oppmøtestad er parkeringsplassen ved Bødalsetra kl 08.00. Påmelding på heimesida frå 1. juni

Pris for turen er : 600 kr, ikkje medlem - 400 kr medlem DNT - 200 kr medlem INT. (NB! Ved betaling så bruk rabattkode INT om du er INT medlem)

Påmelding og betaling på heimesida. Påmeldinga er bindande

Lodalskåpa

Turen går først på god sti mot Bødalsbreen , ved ei av morene tek ein av frå stien og går mot Fessene. Opp mellom elvane vert det bratt før det ...

Kontaktinformasjon: