Kick off for Turbotur-sesongen

Fellestur

Dato
1. mai kl. 12:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Nordfjord Turlag

I år er det enno fleire turmål å velgje mellom dersom ein vil gå ein Turbotur.  Vi i Barnas Turlag vil sparke i gang sesongen med denne fellesturen til Dagsturhytta i Honndalen.

Vi i Barnas Turlag vil starte å gå frå parkeringa til skulen i Honndalen kl 12, men det er fullt mogeleg å gå på andre tider denne dagen.

Vi kjem til å dele ut Turbingo og penn (som kanskje gjer turen litt meir spennande).  Men dersom nokon vel gå når vi ikkje er der, kan ein skrive ut Turbingoen sjølve (og ta med penn), ved å google turbingo.

Turen opp tek ca 30-40 min.  Vegen er godt merka, men ein kan diverre ikkje rekne med å gå med barnevogn (bruk evt. meis).  Ta med mat og drikke sitteunderlag, m.m. (det ein ynskjer å ta med på tur).

Vi oppfordrar alle til å følgje dei til ei kvar tid gjeldande smittevernsreglane.  Hald avstand, god handhygiene og hald deg deg heime om du kjenner deg sjuk. Avstand vil vi spesielt minne om når det gjeld Dagsturhytta.

Og vi i styret avgjer fortløpande om vi må gjere endringar i planene.  Om det ikkje er tilrådd med eit felles arrangement over fylkes/kommunegrensene, vert det alternativt eit arrangement i Stryn også.

Følg med her for oppdatert informasjon.

Kontaktinformasjon:

  • Reidun Elisabeth Sandnes