Bretur Skåla - Bødalssetra

Fellestur

Fra dato
31. juli kl. 09:00
Til dato
1. august kl. 18:00
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Bretur, Fottur,
Arrangør
Indre Nordfjord Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)
Dette arrangementet er over!

Bretur frå Skålatårnet til Bødalssetra var fast programfesta tur på 1980 - talet. Etter kvart minka breeane så mykje at det vart farlege nestigningar.  Hausten 2020 var vi oppunder breen og har funne ei god rute ned frå breen og vidare til stien mot Bødalssetra. Vi startar turen frå Tjugen laurdag 31.juli kl. 09.30. Turen opp til den nye hytta Skålabu tar mellom 4 - 6 timar. Det vil verte lagt inn ein god pause ved Skålavatnet - om du vil er det berre å ta seg ein kald dukkert. Derifrå er det vidare stigning i brattlendt steinete terreng opp i Skaret og vidare oppover mot toppen. Mange trappetrinn gjer det lett å ta seg fram i ura.  Ein må ha gode fjellsko til breturen søndag, men kan gjerne nytte lettare sko laurdagen. Elles må ein vere forberedt på at det kan vere kaldt så høgt til fjells, så hue/vottar/gode kle må ein ha med. Til overnatting er det greit nok med lakenpose. Vel oppe på Skålabu nyt vi laurdagskvelden med fantastisk utsikt,gjerne felles middag og om vi vil det. Tidleg søndag morgon legg vi turen mot Tindefjella/Tindefjellsbreen. Breturen er beregna til 8- 10 timar, med bratt nedstigning mot Bødalssetra. Turen er for godt trena personar og ikkje høgdeskrekk. Ein utfordrande tur  med opp/nedstigningar på breen, så vi har karakterisert den som ekstra krevande. Breutstyr vert utlevert ved start.

Overnatting/transport frå Bødalssetra tilbake til Stryn inngår i prisen.

Medlemmar DNT kr.1300. Ikkje medlemmar kr. 1500.00 Medlemmar av INT - kr. 1000 - hugs å legge inn rabattkode INT ved påmelding.

Bretur Skåla - Bødalssetra

Bretur frå Skålatårnet til Bødalssetra var fast programfesta tur på 1980 - talet. Etter kvart minka breeane så mykje at det vart farlege nestigningar.  Hausten 2020 var vi oppunder breen ...

Kontaktinformasjon: