Bretur Kattanakken - Tungestølen/ Retur gjennom Snaudalen til Fjærland - AVLYST

Fellestur

Fra dato
14. august kl. 07:00
Til dato
15. august kl. 18:00
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Bretur, Fottur,
Arrangører
Indre Nordfjord Turlag, Luster Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)
Dette arrangementet er over!

 

AVLYST - for mykje blåis og sprekker til at det er forsvarleg å gjennomføre turen. Vert oppsett på nytt 2022 - då litt tidlegare på året - truleg tidleg i juli.

Eksklusiv tur for spesielt interreserte og godt trena personar. Ein fellestur saman med Luster Turlag for breentusiastar. Dette vert 2 krevjande turdagar. Turen opp til Kattanakken er bratt - flott og krev sitt då også har bra tunge sekkar. Vidare over breen og mot Tungestølen kan bli både spennande og noko strevsam, men i godt ver vert det ein fantastisk tur. Nedstigning mot Tungestølen i breterreng som endrar seg for kvar dag, set krav til både deltakarar og turleiarar. Vel framme på Tungestølen vert det dusj og felles middag. Truelg overnatting sovesal - men skulle gå bra med Lakenpose. Hugs gode kle - kan bli kaldt over breen. Hue og vottar/ull er standard i sekken på slike turar. Søndag er det tenkt å gå tilbake mot Fjærland gjennom Snaudalen og Suphelleskaret. Vert vurdert om buss kan hente noko utstyr på Tungestølen ( og event. folk som ikkje vil/kan vere med på tur dag 2) Turen søndag vil ta alt mellom 3 - 7 timar - avhengig om ein får skyss fram i Snaudalen. I prisen inngår overnatting/middag og frukost på Tungestølen, samt transport tilbake igjen til Olden

Prisar: Medlemmar DNT kr. 2500 - Ikkje medlemmar kr. 3000.00. (Medlemmar INT - Luster turlag kr. 2000.00. Hugs rabattkode INT ved påmelding)

Bretur Kattanakken - Tungestølen/ Retur gjennom Snaudalen til Fjærland - AVLYST

  AVLYST - for mykje blåis og sprekker til at det er forsvarleg å gjennomføre turen. Vert oppsett på nytt 2022 - då litt tidlegare på året - truleg tidleg ...

Kontaktinformasjon:

  • Endre Vonheim - Olav Auflem - Ole Hermann Meløy
  • Tlf. 488 93 66 414 65 056 906 91 624
  • E-post: olav.auflem@enivest.net