Over Kviven, Frå Hornindal til Kalvatn

Fellestur

Dato
29. august kl. 09:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Nordfjord Turlag
Turområde
Sunnmørsalpane (se kart)

Frammøte: Rutebilstasjonen i Stryn kl. 09.00 eller ved Spar i Hornindal kl. 09. 25.

Tid ca. 5-6 timar alt etter marsjfart og pausar.

Vi startar frå Lillestøl ca. 200 m.o.h. og går over tunellinnslaget på den gamle Kvivsråsa mot Lillestølssetra ca. 400 m.o.h.

Deretter den gamle ferdselsvegen mot Kvivsskaret 860 m.o.h.  Vi tek ei god matrast der, og deretter er det litt bratt nedstigning mot Kvivsvatnet knappe 700 m.o.h.

Vi går på vestsida av Kvivsvatnet der det var utført litt arbeid for 100 år sidan for å gjere det lettare å gå for folk og fe. Vi tek ei pause ved enden av vatnet, så går vi ned frå Brekka, ned Stegen og Kvivsdalen til Kvivsdalssetra. Der har vi plassert bilar, eller vi blir henta av minibuss.

Turleiar Siv Ragnhild Lillestøl, telefon 99026168.

Vel møtt!

Over Kviven, Frå Hornindal til Kalvatn

Frammøte: Rutebilstasjonen i Stryn kl. 09.00 eller ved Spar i Hornindal kl. 09. 25. Tid ca. 5-6 timar alt etter marsjfart og pausar. Vi startar frå Lillestøl ca. 200 m.o.h. og ...

Kontaktinformasjon: