Strynekåpa

Fellestur

Dato
10. juli kl. 08:00 - 20:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Stryn, Indrenordfjord, Fjelltur
Arrangør
Indre Nordfjord Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)
Dette arrangementet er over!

Turen til Strynekåpa er for godt trena personar. Ein lang tur når ein startar heilt nede frå parkeringsplassen på Loppeset etter å ha køyrt bomvegen frå Greidung. Ein reknar ca. 1 time til Vetledalssetra og og ca. 3 timar herifrå og opp på Strynekåpa.

Frå Vetledalssetra går ein Ulvestigen mot Erdalsbreen og tar av mot Stryneskåla idet stien flatar ut litt mot Erdalsbreen og Infimus. Her er det ganske bratt opp, men godt å gå.

Ein anbefalar gode fjellsko når ein skal så høgt til fjells. Strynekåpa ligg på 1530 moh. Turen er omtalt i Sogn og Fjordane turlag sitt turprogram

I tidlegare tider var her ferdselsveg over breane både mot Skjåk og Jostedalen. Om ein vil nyte vakker natur er det fullt muleg å gå inn til INT(DNT) hytta vår på Vetledalssetra fredag kveld å overnatte der. Straks ein lettare tur mot toppen laurdag.

Påmelding innan 09.juli

Gratis for medlemmar i Indre Nordfjord Turlag, kr 100 for medlem i DNT,kr 200 for ikkje medlem  (Vipps NR 108817)

Oppmøte ved Strynehallen 08.00

Strynekåpa

Turen til Strynekåpa er for godt trena personar. Ein lang tur når ein startar heilt nede frå parkeringsplassen på Loppeset etter å ha køyrt bomvegen frå Greidung. Ein reknar ca. ...

Kontaktinformasjon: