Sankta Sunnivahornet

Fellestur

Dato
19. juni kl. 09:45 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangør
Indre Nordfjord Turlag
Dette arrangementet er over!

Sankta Sunnivahornet er med sine 689 moh høgaste toppen i tidlegare Vågsøy Kommune. Turen starter frå Almenningsfjellet, frå parkeringsplassen like før krysset mot Selje om du følgjer vegen mellom Nordfjordeid og Måløy. Turen er lettgått og forholdsvis godt merka, ein del av turen går i myr og vått terreng. På toppen er det, om veret tillet det, fantastisk fin utsikt i mange retningar. Om vi er motiverte for det, så er det fullt muleg å gå turen som ein 'rundtur', då endar vi på Flatraket. Dette prøvar vi i så fall å avtale på førehand.

Oppmøte Almenningsfjellet, kl 11.00, Strynehallen 09.45

Kontaktinformasjon: