Avlyst 5 toppstur i Stryn med Bre & Fjellsportsgruppa

Fellestur

Dato
15. september kl. 09:00 - 19:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Fjelltur,
Arrangør
Indre Nordfjord Turlag
Turområde
Sunnmørsalpane (se kart)
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst. Pga mykje nedbør og dårlige værmeldinger

Oppmøte ved Strynehallen klokka 09.00.
Turstart ved Bøasætra (NB! Bomveg)

Gryta - Natakupa - Hestefjellsnibba - Karifjellet - Gulkoppen

Dette er ein flott tur som hovudsakleg går på grensefjell mellom Stryn og Hornindal. 

Turen er lang og krevjande, men blir det lagt opp med mange pausar og eit tempo alle skal klare. For den som vil være med anbefales god form og gode fjellsko med ankelstøtte. 
Tips til pakking: rikelig med mat og drikke(det få plassar å finne vatn langs ruta), godt med varme klede (været kan skifte fort og trekk er det vanlegvis snaufjellet). Anna kjekt å ha med kan være kart (Stryn-Statens Kartverk), fotoapparat og gnagesår plaster.

Turplan:


Vi startar i rolig tempo frå parkeringa ved Bøasetra. Derfrå føl vi god sti mot Gryta (1032moh).  Vi fortset austover og svingar nordover via Bubergskaret og opp Småeggene. Deretter bratt opp øst ryggen mot Natakupa(1400moh). Vi vil ta ein god rast ved varden om været tillater det. Frå Natakupa er det godt utsyn og vi ser Honndalsrokken i spektakulær profil. Turen fortsetter vestover med noko bratt nedstigning til skaret før vi får ei fin stigning mot Hestefjellsnibba(1303moh). Etter litt fotografering siktar vi oss inn mot varden på Karifjellet(1320moh) og tar pause. Vidare føl vi ryggen mot Holskarhornet(1247moh). Vi går bratt ned frå Holeskarhornet til Holeskaret og bratt opp til grenseryggen mellom Stryn og Hornindal. Den følger vi til Gulkoppen(1306moh), siste toppen på turen. Etter ein lang dags mars avsluttar vi rolig ned stien mot Holevatnet og vidare veg ned til bilane. 

Forventa tidsbruk, 9-10t. Ut over nevnte pausar tar vi mange smårastar for påfylling av mat og drikke. 
Trasevalet på turen kan bli endra av turleiar, samtidig gir den mange muligheiter for å korte ned turen for dei som ynskjer det. 

Pris for turen er kr 200 for ikkje medlem (Vipps NR 108817) , gratis for medlem. (ta med medlemsbevis)

5 toppstur i Stryn med Bre & Fjellsportsgruppa

Oppmøte ved Strynehallen klokka 09.00. Turstart ved Bøasætra (NB! Bomveg) Gryta - Natakupa - Hestefjellsnibba - Karifjellet - Gulkoppen Dette er ein flott tur som hovudsakleg går på grensefjell mellom ...

Kontaktinformasjon: