3-toppstur i Stryn

Fellestur

Dato
30. august kl. 09:00 - 17:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Fjelltur,
Arrangør
Indre Nordfjord Turlag
Turområde
Sunnmørsalpane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Natakupa - Hestefjellsnibba - Karifjellet 

Dette er ein flott tur som hovudsakleg går på grensefjell mellom Stryn og Hornindal. 

Turen er ganske lang, men blir det lagt opp med mange pausar og eit tempo alle skal klare. For den som vil være med anbefales god form og gode fjellsko med ankelstøtte. 
Tips til pakking: rikelig med mat og drikke(det få plassar å finne vatn langs ruta), godt med varme klede (været kan skifte fort og trekk er det vanlegvis snaufjellet). Anna kjekt å ha med kan være kart (Stryn-Statens Kartverk), fotoapparat og gnagesår plaster.

Turplan:Vi startar i rolig tempo frå parkeringa ved Bøasetra.  Vi går austover i slakt terreng og svingar nordover via Bubergskaret og opp Småeggene. Deretter bratt opp øst ryggen mot Natakupa(1400moh). Vi vil ta ein god rast ved varden om været tillater det. Frå Natakupa er det godt utsyn og vi ser Honndalsrokken i spektakulær profil. Turen fortsetter vestover med noko bratt nedstigning til skaret før vi får ei fin stigning mot Hestefjellsnibba(1303moh). Etter litt fotografering siktar vi oss inn mot varden på Karifjellet(1320moh) og tar pause. Herfrå går vi på sti ned til Holvatnet der ein kan gå enten anleggsvegen ned att til Tonningsetra eller sti via Holsætra.

Forventa tidsbruk, 7-8 t. Ut over nevnte pausar tar vi mange smårastar for påfylling av mat og drikke. 

Turleiar: Johnny Hjelle  tlf 48019050

Pris for turen er kr 200 for ikkje medlem (Vipps NR 108817) , kr 100 for medlemmar i DNT og gratis for medlem i INT.

Oppmøte ved Strynehallen klokka 09.00.
Turstart ved Bøasætra (NB! Bomveg)

3-toppstur i Stryn

Natakupa - Hestefjellsnibba - Karifjellet  Dette er ein flott tur som hovudsakleg går på grensefjell mellom Stryn og Hornindal.  Turen er ganske lang, men blir det lagt opp med mange ...

Kontaktinformasjon:

  • Johnny Hjelle
  • Tlf. 48019050