Avlyst Josten på tvers

Fellestur

Dato
4. mai kl. 07:00 - 19:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Bretur, Breskitur
Arrangør
Indre Nordfjord Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst. Pga dårlige værmeldinger

Kvamme- Høgste Breakulen-Jostedal

Vi starter på Kvame og går på beina ein bratt ,men god sti til Kvamssetra som ligg på 550m.  Her tar vi på ski og går Kvamsdalen til endes og tar opp den bratte fjellsida mot Flatsteinbu.Denne hytta ligg på 1260 m,og det er muleg for dei som vil ,og gå opp her kvelden før å overnatte.

Herfrå går vi nokre 100m rett austover før vi kjem inn på sjølve Jostedalsbreen,så dreier vi søraustover og går mot Høgste Breakulen Herfrå er det slakk og fin renning fram til Steinmannen,vidare framover Hauganosi forbi Haugavarden ,og starter då på nokre litt tøffare nedrenningar mot Haugafjellstølen,.Her dreier vi sørover og renne so langt snøforholda tillet det ,men ogso her blir det nokre hundre høgdemeter vi må bere skia før vi kjem ned til Gjerde i Jostedalen.

Det blir organisert felles transport tilbake til Oldedalen,

Turavgift: 200 kr  for medlemmar i Indre Nordfjord Turlag, kr 400 for medlem i DNT,kr 600 for ikkje medlem  (Vipps NR 108817)

Påmelding til Turleiar innen 2. mai(SMS TIL 900 70 439)

Josten på tvers

Kvamme- Høgste Breakulen-Jostedal Vi starter på Kvame og går på beina ein bratt ,men god sti til Kvamssetra som ligg på 550m.  Her tar vi på ski og går Kvamsdalen ...

Kontaktinformasjon: