Kattanakken

Fellestur

Dato
10. august kl. 08:30 - 19:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Fjelltur, Aktivitet Topptur, Krevande
Arrangør
Indre Nordfjord Turlag
Dette arrangementet er over!

Kattanakken er fjellryggen mellom Briksdalsbreen og Kjøttabreen på den eine sida, og Melkevollsbreen på den andre sida.  Vi har mykje vill og vakker natur i Indre Nordfjord, men denne oppstigninga til Jostedalsbreen overgår nok det aller meste.
I all sin dramatiske villskap, har naturen her likevel vore raus nok til at ein smal, men trygg sti kan krongle seg oppover mot iskanten.  Turen tek 8-10 timar, minnet om turen varer livet ut.  Vi reknar med stort oppmøte.

Personar med utprega høgdeskrekk vil nok ikkje like seg på dei luftigaste passasjane.

Oppmøte ved Strynehallen kl. 08.30

Gratis for medlemmar i Indre Nordfjord Turlag, kr 100 for medlem i DNT,kr 200 for ikkje medlem  (Vipps NR 108817)

Kontaktinformasjon: