Flatsteinbu

Flatsteinbu ligg på eit fjellplatå (1260 moh.)mellom Kvamsdalen og Brenndalen, like ved kanten av Jostedalsbreens enorme iskappe. Hytta er privat, men open for alle som vil bruke den. Dei som overnatter på hytta legg penger på bøssa som oppgjer for overnatting og bruk av brensel og lys.

Hytta er på 19 kvm og det går greitt å ligge 10-12 personar på hems, brisk og golv.  I tillegg er det soveplass til 5-6 personar i sikringsbua. Der er det også gassoppvarming og kokemoglegheiter.

Anmarsj til Jostedalsbreen er svært kort. Frå hytta går stien ca. 350 m sørsørøst langs fjellet og svingar bratt opp mot to kjegleforma grusmorener. Inngangen på breen ligg like bak disse. Breen er her ganske flat. Ein følgjer no breens lågaste punkt innover i austleg retning. Etter kvart vil ein svinge meir i nordaust og breskjær 1673 vil dukke opp. No vil etter kvart Kjenndalskruna også dukke opp mot aust. Frå dette punktet kan ein no velge ruter mot nord, aust eller sør på breen.

Flatsteinbu vart reist i 1969 av nokre ivrige oldedøler, og all bygningsmateriale er bore opp til 1260 moh. Hytta vart restaurert og utbygd i 2005.

Informasjon om korleis ein kjem seg til Flatsteinbu finn ein på UT.no