Infimus 

”Hytta ved tungen av Erdalsbreen ble bygget 6. – 8. juni 1967 for Vassdragsvesenet som et støttepunkt for glaciologiske målinger på breen og hydrologiske målinger i elven”. Slik åpnar hytteboka i hytta ved Erdalsbreen. 

 I 1970 - 1980 var det planar om kraftutbygging i Breheimen der også Strynesida var med. På vestsida av Jostedalsbreen bygde Vassdragsvesenet, NVE,  tre hytter. Ei oppe ved Vetledalsbreen. Denne fekk namnet Infimus. Ei ved brekanten på ryggen aust for Strynekåpa. Denne fekk namnet Optimus. Og ei ved Erdalsbreen. Denne vart kalla hytta ved Erdalsbreen. Det var Børre Vegsund som fann på namna på hyttene. Han hadde sommarjobb som bremålar i Vetledalen/Erdalen på slutten av 1960-talet. Optimus betyr øverste og Infimus nederste (latin).Alle hyttene vart bygde i juni 1967.

Det vart redusert kraftutbygging der kun austsida av breen vart berørt. Austerdalsvatnet og Styggevatnet vart oppdemt.

Etter at måleperioden var slutt, fekk turlaget hyttene. Tanken var å ha desse som sikringsbuer for folk som ferdast på bre/fjell. Men dei vart ikkje heldne vedlike. Dei var plassert på værharde stadar og trengte mykje vedlikehald. Utan tilsyn og vedlikehald gjekk det fort nedover. Etterkvart vart pappen flerra av pga vind og snø og det vart fort råtskader. Optimus vart kremert. Infimus vart knust av snø og vind. Det var meininga å flyge den ned med helikopter, men det fekk ein ikkje til så den også vart brent.

 Oppgradering av hytta.

I juni 1990 starta vi arbeidet med å redde hytta ved Erdalsbreen.Vi la ny papp på taket, men vi skjønte fort at skulle vi berge hytta måtte vi forsterke takkonstruksjonen. Lekter, taktekkingsbord og kledningsbord vart flygd opp med helikopter. Nytt tak og nye veggar vart lagt utan på det gamle. Det vart bra. Men no var det døra og vindauget som var dei svake punkta. Ny dør og vindauge vart montert.   

Dagens standard

I dag er hytta i god stand med gassapparat og kjøkkenutstyr. Eigen utedo har vi også fått på plass, 30m rett aust for hytta. Hytta har sitteplass til 7 personar. Der er liggeplass til 2 personar i seng, og liggeplass til 2 personar på golvet. Hytta står åpen heile året. Der er noko naudproviant. Den er ei sikringsbu for fjellfolk/brefolk. Om lag 20 personar skriv seg inn i hytteboka kvart år.  Vi vart fortalt at hytta vart kalla Infimus og fekk laga eit skilt med dette namnet. Hytta hette eigentleg berre hytta ved Erdalsbreen. Men vi synes at Infimus er eit flott namn og har valgt å bruke det namnet. Det vart godkjent av Tor Greidung.

Sidan 1982 har Erdalsbreen trekt seg tilbake ca. 950m, dette ifølge Atle Nesje. Der er no eit stort vatn foran breen. Skal ein inn på breen må ein gå sidemorenen på nordsida av vatnet. Hytta er eit flott utgangspunkt for fottur på Strynekåpa. Stien frå Vetledalssetra og opp til Infimus er merka med raude T’ar. Dette er rute 20-04, side 495, i boka Opptur, turbok for Sogn og Fjordane.

For hyttekomiteen for Infimus: Arne Heggestad og Hans Støle.

Ansvarlege for Infimus
Arne Heggestad
Hans Støle