Turbopostar
Dette er barna sin eigen Turbopost, oppkalla etter Barnas Turlag sin maskot, fjellreven Turbo. Du kan gå fem turar og bli Turbo, eller gå ti turar og bli Superturbo!
Nytt av året er at der no er 13 kassar/turmål, så ein kan sjølv velgje kva for turar ein vil gå. Einaste «kravet» er at det må være ulike turar.
Turbo lovar ein liten premie til alle som har gått på (minst) fem ulike turar. Det er ulik premie til dei som har gått fem og og dei som har gått ti turar. Det vert i tillegg trekking av tre flotte hovedpremiar. Du treng ikkje være DNT-medlem for å delta på Turboturane, men det er kun medlemmar som er med i trekninga av hovedpremiane.
Her på heimesida finn ein Registreringsskjema der du fyller inn namn, dato og namn på post/tur.Nytt av året er også at der ikkje er kode i kassane, men ein må i tilleg skrive seg inn i boka som ligg i kassen
Registreringsskjemaet sendast Liv-Sissel Dale, Øyravegen 18, 6783 Stryn eller på e-post til livao@hotmail.com
Ynskjer du å verte medlem i Indre Nordfjord Turlag? For born kostar det kun kr 130,- per år. Du kan registrera deg, barnet ditt eller heile familien på www.dnt.no/medlem.
For barn med smarttelefon kan ein nytte turappen «DNT SjekkUT» som er DNT sin eigen turapp. (Last den ned via Appstore / Google Play). Her kan du sjekke inn digitalt og sjå turbeskrivelse og kart under turen. (For premie må det likevel leverast inn registreringsskjema)
Turar 2019
