TurOMTALE - Turbopost

Dagsturhytta, Stryn

For å komme til dagsturhytta i Stryn, er der fleire val.  Ein kan gå frå sentrum (nausta ved stadion), eller frå Sætrevegen (like nedanfor pumpehuset), frå Hydlaparken (via Hyngjelsbruna), og sikkert fleire andre utgangspunkt som eg ikkje veit om.

Dersom ein vel å gå frå Stadion, står der skilt som viser vegen til Dagsturhytta, og kor langt det er (ca 1,5 km).  Denne ruta (og den frå Sætrevegen) kan være noko blaut, så ha gode sko.  Stien frå Stadion (frå ca Sandbakk) går langs elva oppover, og somme stader har noko av vatnet funne ut det kan renne i stien også ;-)










Vetledalssetra, Erdalen Oppstryn

Vetledalsetra er Indre Nordfjord Turlag si hytte øverst i Erdalen i Oppstryn. Hytta blei opna som DNT-hytte i 2011 og er eit fint utgangspunkt for turar inn på Jostedalsbreen, men også eit flott turmål i seg sjølv. Historia om hytta finn de her.

Frå Greidung til Vetledalssetra er det 6 km. Ein kan velge å gå heile turen frå gardane på Greidung eller køyre bomvegen til Loppeset. Turen til setrane er enkel og fin for ungar. Meir info om turen: https://www.ut.no/tur/2.19359/​​​​​​​









Skarsteinsetra, Olden

Turen til Skarsteinsetra kan ein gå ifrå Olden sentrum eller køyre opp til Gildestad der det er tilrettelagt for parkering. Turen opp tek om lag 30-40 minutt, og går delvis på skogsveg og fin sti, det går fint å trille med barnevogn.

På Skarsteinsetra er det fin utsikt utover fjorden og mot Loen og Rake/Oppheim. Ta med niste og drikke og ta turen for å finne turbokassa.








Rakssetra, Loen

Turen til Rakssetra startar på Oppheim mellom Stryn og Loen.(bomveg det siste stykket inn mot parkeringsplassen)

I starten følger ein anleggsvegen mot Hoven før ein deretter tar til venstre og følger ein merka sti som fører til Rakssetra.

Her er det panoramautsikt til Olden og Loen. Ein treng ikkje alltid gå på dei høgaste toppane for dei store naturopplevingane!

Berekna tid med ungar er mellom 1 – 1,5 time.





Svartevatnet, Stryn

Turen til Svartevatnet startar enten ved Stryn skisenter, eller ein kan køyre Setrevegen (bomveg) opp til Bøasætra.

Frå Bøasætra følgjer ein skiltinga mot Svartevatnet (i starten er det same ruta som til Gryta), når ein kjem opp over Nakken skil rutene seg, gå til venstre mot skitrekket i Steindalen. Ruta er merka med raude prikkar og ein skal følgje trekket i Steindalen nesten heilt til toppen før ein kryssar elva og følgjer stien vestover.

Det kan til tider vere litt vått i området etter elva, så bruk sko etter forholda.

Oppe ved Svartevatnet (ca. 800 moh.) står ei steinhytte og den raude Turbokassa er plassert her.

Berekna tid med ungar er mellom 1 ,5– 2,5 timar på veg opp.









Gråberg,Stryn

Gråberg ligg på åsryggen mellom Markane og Robjørgane, ca. 600 moh.

Køyr til Sætren som ligg ca. 1 mil vest for Stryn sentrum (ta av frå Blekesvingen og køyr til Sætren.) Herifrå går stien til Faleidstøylen og vidare til Gråberg. Her er det fin utsikt og eit flott tre som ein kan klatre i.

Berekna tid med ungar er mellom 1 – 1,5 time.









Nosakleiva, Fjelli

Du kan gå til Nosakleiva frå begge sider av Nostunellen på Fjelli.

Frå Nos: Gå ned til utsiktspunktet på Nos, ta til høgre og følg den gamle anleggsvegen i ca 1,5- 2 km til toppen. Jamn stigning i starten, på slutten flatar den ut.

Frå Tvinnereimsslettene: Parker ved ferista rett etter tunellen. Følg den gamle anleggsvegen (på høgre sida av vegen når du kjem frå Stryn) som svingar seg opp mot toppen - ca 1,5 km. Flott utsikt frå toppen.





Segestad, Hjelle Oppstryn

Garden Segestad ligg fint til i munningen av Glomsdalen, på ei fjellhylle med eit bratt stup på 300 meter ned til Oppstrynsvatnet. For å kome til Segestad så køyrer ein til Hjelle i Oppstryn. Parkering ved Hjelle skule, alternativ ved Glomnes (her er det parkeringsavgift).

Frå Hjelle til Glomnes er det vel 1 km på grusveg før stien mot Segestad startar.

Det er vanleg å rekne ca. 1 time på turen opp. Oppe på Segestad er det fint for ungane å leike seg. Meir info om turen finn de her: https://nytnaturen.no/?s=segestad





Verlostøylen, Utvik


Start for turen er i starten av Utvikfjellet (parkeringa i svingen der det går ein grusveg inn til venstre). Ein kan som alternativ 1. gå over vegen frå parkeringa og opp ein gammal traktorveg. Litt bratt i starten, men slakk stigning etter brua. Då følger ein traktorvegen heile turen fram til Verlostøylen. Kan vere vanskeleg å komme seg over elva på dagar meg høg vassføring.

Alternativ 2. Gå utover grusvegen til venstre til du har passert 2 bruer. Ved utvidinga etter bru 2 går det ein sti opp til høgre. Flott skogssti opp til Verlostøylen i jamn stigning heile vegen.

Begge vegane tek ca.30 min. Med barn reknar  ein ca 1 time. For å variere kan ein gå eine vegen opp og den andre ned. Flotte forhold for piknik og leik ved Støylane.

Foto: Liv-Sissel Dale








Turbokasse - Vetledalssetra
Turbokasse - Vetledalssetra Foto: Ingrid Henjum



















Svartevatnet
Svartevatnet















Turbokasse Segestad
Turbokasse Segestad Foto: Ingrid Henjum



Verlostøylen
Verlostøylen Foto: Ingvild Kvame
Verlostøylen - start for turen
Verlostøylen - start for turen





Skuten, Stryn

Start for turen er Nedstryn kyrkje i Stryn.  Der er det god parkeringsmogelegheit.

Ein kryssar så bilvegen, og startar ganske umiddelbart på stigninga.  Vegen oppover går på brei og fin traktorveg (litt opp og ned).  Etter nokre meter, kan ein velgje ta av til venstre og gå "Gamleråsa".  Det er ein sti, som er brattare, men kortere enn traktorvegen.  Der kan være litt blaut, så ein må ha gode sko.

Ikkje langt frå starten på turen (tratorvegen), kjem ein til eit flatt og fint område med ein gapahuk som passar ypperleg til litt leik før ein går vidare.

Turen opp tratorvegen tek ca 45-60 min med ungar, (ein veg).

For å komme ned på kanten og nyte utsikta (og finne Turbokassen), må ein ta av frå traktorvegen og gå nokre meter nedover ein sti.


OBS!  Kassen er ikkje på plass enno pga mykje snø.

Klikk her for å skrive tekst.






Foto: Liv-Sissel Dale
Foto: Liv-Sissel Dale

Klikk her for å skrive tekst.

Dagsturhytta i Hornindal

Du kan parker på Hornindal skule, gå så over brua som ligge bak skulen. Følg vegen,  ta til venstre ut på neste veg mot Ytrehorn. Ta så til høgre i krysset og følg vegen til du møter stien på ventre side.Stien er litt bratt og steinete, men den er brei og fin. Frå skulen og opp til dagstur hytta tek det ca. 30min.  


OBS!  Kassen er ikkje på plass enno pga mykje snø der den står...

Klikk her for å skrive tekst.

Foto: Reidun Elisabeth Sandnes


Blåvatnet, Hornindal

Ein tek Rv 60 fra Grodås til Hondøla bru. Der tek ein av til venstre. Vegen til Hornindalssetra er bomveg så ta med småpeng eller vipps. Når du har betalt kan du køyre heilt fram til den inngjera parkeringa som ligg nedanfor setra.  Følg grusvegen opp til sætra, ta til venstre ved skiltet, følg så anleggsvei/god sti inn setredalen mot Blåvatnet. Frå parkeringa nedanfor sætra til blåvatnet tek det ca 1 time. Pga. at snøen ligge lenge i dalen så er det ikkje anbefalt å gå der før snøen er smelta ut i juli.


Foto: Reidun Elisabeth Sandnes










Grendasetra, Markane

Startpunktet for turen til Grendasetra er Ullsheim, Markane IL sitt flotte skianlegg. Her er gode parkeringsmoglegheiter, mot parkeringsavgift.

Turen til Grendasetra kan ein gå på sti, i løypetrase, eller ei blanding av sti og løypetrase. Barnas turlagpost er plassert på ei fin høgde ca 200 m aust for sjølve setra. Der er eit rastebord, og fin utsikt.

Denne turbeskrivinga følger løypetraseen. Frå parkeringplassen går ein over stadion mot «Årestova»/bygget ved standplassen. Der ifrå går ein forbi brua, og følger den asfalterte løypa ned bakken. Når ein kjem ned bakken kan ein ta av til venstre, gå av asfalten, og følgje løypetraseen av flis oppover, som etter kvart kjem inn att på den asfalterte løypa. Følg vegen til lunneplassen. I bakkant av lunneplassen fortsetter løypetraseen oppover mot Grendasetra. Posten og benken ser ein frå enden på løypetraseen, som stoppar litt søraust for posten.

Utsikt frå Turboposten ved Grendasetra
Utsikt frå Turboposten ved Grendasetra Foto: Siv Merete Aasebø








Avleisetra, Olden

Klikk her for å skrive tekst.

Bolleberget, Innvik

Klikk her for å skrive tekst.

Mosehogane, Rand

Postkassen er ikkje kommen på plass enno pga mykje snø.