Vedtekter for Indre Nordfjord Turlag

§1           FØREMÅL

Indre Nordfjord Turlag eir eit ope lag som skal arbeide for eit enkelt,aktivt,sikkert og naturvennleg friluftsliv. På denne måten vil ein vere med å ta vare på friluftslivet sitt natur –og kulturgrunnlag.

§2           INTERESSEOMRÅDE

Indre Nordfjord Turlag er eit lokallag i Sogn og Fjordane Turlag(SFT), som er tilslutta Den Norske Turistforening (DNT). Laget har Stryn- og Hornindal Kommune som primært arbeidsområde.

§3           ARBEIDSOPPGÅVER

   Indre Nordfjord Turlag sine hovudoppgåver er:

  • Arrangere varierte turar som passar for alle aldersgrupper sommar som vinter, og å presentere turane på ein enkel og grei måte.
  • Syte for å lære opp turleiarar.
  • Varde og merke ruter etter til ei kvar tid godkjent Merkehandbok (DNT).Delta i opplysningsarbeid om natur og kultur i sitt primære arbeidsområde.
  • Forvalte å ta vare på fast eigedom på ein forsvarleg måte.
  • Bygge bruer og klopper, sikring av utsette parti i merka stinett og verne om natur –og livsmiljø.

Indre Nordfjord Turlag kan ta på seg andre arbeidsoppgåver, eventuelt i samarbeid med andre. Dette skjer då etter særlege planar og vedtak.

§4           STYRET

Laget vert leia av eit styre på sju medlemar med 2 varamedlemar. Styremedlemane vert valde for to år om gongen, og varamedlemane for eitt. Leiar vert vald av årsmøtet for eitt år. Resten av styre konstituerer seg sjølve. Styret kan oppnemne nemder/grupper til løysing av konkrete oppgåver.  Styret kan gjere vedtak når minst halvparten av medlemane er tilstades. Ved likt røystetal har leiaren dobbelrøyst.

§ 5       ÅRSMØTET

Årsmøtet er laget sitt høgste organ og vert halde årleg innan utgangen av November. Årsmøtet skal kunngjerast med minst 3 vekers varsel. Saker som medlemane vil ha opp på årsmøtet må vere styret i hende minst 2 veker før årsmøtet. Røysterett på årsmøtet har alle medlemer som har betalt kontingent. Medlemar som har fylt eller fyller 15 år i valåret er røysteføre og valføre.

Årsmøte skal:

1)      Godkjenne innkalling og sakliste

2)      Velje ordstyrar og møteskrivar

3)      Velje to til å skrive under årsmøteprotokollen

4)      Godkjenne årsmelding og rekneskap

5)      Handsame framlegg frå styret  og/eller innkomne framlegg frå medlemar.

6)      Velje styre og styreleiar

7)      Velje revisor

8)      Velje valnemd på tre medlemar. Årsmøtet vel leiaren i valnemda.

§ 6          EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE

Ekstra årsmøte vert halde etter vedtak i styret eller etter skriftleg oppmoding frå minst 1/3 av medlemane. Ekstraordinært årsmøte skal kallast inn med minst 14 dagers varsel. Ekstraordinært årsmøte skal berre handsame den saka(sakene) som er grunnlag for møte, og som er nemt i innkallinga.

§ 7          VEDTEKTSENDRING

Endring av og tillegg til desse vedtektene kan gjerast av årsmøte med 2/3 fleirtal av dei røysteføre på møte.

§ 8          FULLMAKTER

Leiar og ein styremedlem har saman fullmakt til å skrive under for laget i viktige saker som ved låneopptak,kontraktsskriving,tinglysing og liknande.

§ 9          OPPLØYSING

Oppløysing av laget krev 2/3 fleirtal blant medlemane , og må takast opp att med same krav til fleirtal på eit etterfølgjande ekstraordinært årsmøte som vert halde minst 4 veker seinare. Ved eventuell oppløysing av Indre Nordfjord Turlag skal laget sitt eige gå til Sogn og Fjordane Turlag(SFT), med ønskje om at midlane vert nytta i samsvar med turlaget sitt føremål.

Endring av vedtekter av 20. april 1977 samrøystes vedtekne på årsmøtet 15.01.2016