Vetledalseter 

Vetledalseter er Indre Nordfjord Turlag si hytte øverst i Erdalen i Stryn. Hytta blei opna som DNT-hytte i 2011 og er eit fint utgangspunkt for turar inn på Jostedalsbreen, men også eit flott turmål i seg sjølv. Hytta har seks sengeplassar + fire ekstra madrasser.

Hytta på Vetledalseter

Vetledalen er ei gammal seter. Her syner grunnmurar etter sel og fjøsar som er borte, men nye er komne til, og nokre av dei som står i dag er og særs gamle. Fram til 1928 var her ysting av geitost og det vart laga smør og gammalost av kumjølka. Frå 1928 vart ikkje geiterne førde til seters. Og mjølka av kyrne vart boren heim til garden i mjølkespann på ryggen og foredla heime. I 1954 vart siste mjølkebøra boren heim frå Vetledalen, og sidan har her berre gått beitedyr som ikkje mjølkar.

Rasmus T. Greidung (1875-1964) reiste til Amerika der han var farmar på prærien i 15 år. I 1912 kom han

heim og overtok farsgarden på Greidung. Han overtok også breførar-tenesta etter far sin, patentruta frå Greidung til Jostedal. Då fann han nok ut at det vesle selet han åtte, vart for lite. Dette var i den tida den norske naturen vart oppdaga av norske og utanlandske fjellklatrarar og tindebestigarar som Bing, Patchell, Slingsby, og Mohn m.fl.

I 1923 kjøpte Rasmus eit tømmerhus som stod på Hjelle, ikkje så langt frå Hjelle Hotell. Huset vart rive og stokkane vart merka så det var enkelt å tømre dei saman igjen.

”Eg var heldig”, sa Rasmus. På vårparten var det varme soldagar som gjorde snøen kram, og når natta etter var klår og kald, så bar skaresnøen hesten. Og i tidlege morgontimar vart tømmeret køyrt fram til Vesledalen, truleg
på dugnad. Så i 1924 stod hytta ferdig. Rasmus fekk sengeplass for folk som han skulle føre med seg over breen neste dag.

I 1940-åra overtok Rasmus sin son, Tor (1919-1999), garden på Greidung og hytta på Vesledalen. Tor var og
breførar, og mange grupper førde han over breen i sitt lange sikringstau.

Etter ei tid byrja det å gå over til meir og meir sjølvbetjeningshytte. Kvart år, på førsommaren, vart

hytta skura, vaska og ordna til sesongen. Og for Tor var denne hytta det kjæraste han åtte. Om han var sliten etter ei lang arbeidsveke, fylte han ryggsekken med  proviant og bar til seters når laurdagskvelden kom. Om sekken var tung og vegen lang, var sinnet lett: Han skulle på setra. Og når han var framme, og hadde teke

sekken av, så sette han seg på steinbenken framanfor ei opna hyttedør.

Då kjende han gleda; dette var Tor sitt kongerike. Og du, kjende eller ukjende vandrar som er her i dag: Send ein tanke bakover til Tor og dei andre som stelte her. Til fleire han fekk dele dette kongeriket med, til større glede var det for han.

I 2010 tok Den Norske Turistforening v/Indre Nordfjord Turlag over drifta av hytta gjennom leigekontrakt

med noverande eigar: Ragnar Greidung. 

Tor Greidung
Tor Greidung Foto: Ukjent
Styret for Vetledalshytta
John-Erik Greidung
Stig Skåre
Per Jakob Kyrkjeeide
Dag Greidung

Ha ein fin dag i hytta og Vesledalen!

Helsing DNT/INT