Avlyst Runde fyr

Fellestur

Fra dato
9. mai kl. 11:45
Til dato
10. mai kl. 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer
Arrangør
Indre Nordfjord Turlag
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst. Grunna Corona
Runde fyr ligg på Kvalneset på nordvestspissen av fugleøya Runde.  Vi går frå parkeringsplassen på Goksøyr kl. 14.00. Det er 2.8 km å gå i lett terreng på god sti med stigning frå  ca 0 moh til 250 moh før vi går ned til fyret ved ca 40 moh.
 
Runde fyr er eit av 80 freda fyr i Norge. Den nyaste fyrvokterboligen på fyrstasjonen er gjort om til sjølvbetjent hytte med 24 sengar. Hytta har innlagt vatn og straum. Vi lagar felles måltid laurdag kveld, ta elles med mat og drikke til eige bruk. Du kan kjøpe hermetikk og tørrmat frå sjølvbetjeningslager. Laurdag kveld går dei som vil til fuglefjellet «Lundeura» der vi håpar å sjå fuglen kome inn frå havet.  Deltakarane på turen må sjølv reservere seng for overnatting på fyret.

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Siv Ragnhild Lillestøl