Kinesiske Mur / Meleinsnibba

Fellestur

Dato
15. august kl. 08:30 - 19:00
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur,
Arrangør
Indre Nordfjord Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)


"Den kinesiske mur" er ein fin egg som går mellom Skavteigfjellet og Meleinsfjellet. Turen startar frå Auflem (Huaren, Avleiåsen) i Olden og ein går fyrst til Murinibba der ein får god utsikt over Olden. Vidare går ein forbi Meleinsvatnet og opp i skaret. Her starter litt luftig og lett kliving oppover den Kinesiske Mur.Det flater ut mot toppen av Meleinsfjellet (1706 moh.) Trulig går ein videre til Den himmelske freds plass der det blir matpause og forhåpentligvis flott utsikt over Lodalen. På nedturen tar ein avstikkeren innom Meleinsnibba (1566 moh.) der det og er fantastisk utsikt. Ned att går ein via Meleinssætra (Solheimsetra) og til Solheim i Olden-

Dette er ein lang og krevande tur som passar for folk som er vande med bratte og luftige stigningar. Må også pårekne litt klyving i stein.  Vi anslår turen til ca 8 - 10 timar.

Oppmøte Strynehallen kl 08.30 eller parkeringa på Avleiåsen kl 09.00.

 

Pris: Gratis medlemmar INT,medlemmar andre turlag DNT  kr. 100.-, ikkje medlemmar kr. 200 -  (Vipps NR 108817) - Betaling ved oppmøte.

 

Kinesiske Mur / Meleinsnibba

"Den kinesiske mur" er ein fin egg som går mellom Skavteigfjellet og Meleinsfjellet. Turen startar frå Auflem (Huaren, Avleiåsen) i Olden og ein går fyrst til Murinibba der ein får god ...

Kontaktinformasjon:

  • Liv Rygg
  • Tlf. 41500731