Ceciliekruna på ski

Fellestur

Dato
28. april kl. 08:00 - 18:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Skitur, Topptur, Fjellskitur
Arrangør
Indre Nordfjord Turlag
Dette arrangementet er over!

Turen er utsatt til søndag pga værmeldinga !

Vi møtest ved Strynehallen søndag kl 8.00 for samkøyring mot Utvikfjellet og til bommen på skogsvegen som går til Bergsstøylen/Kårstadstøylen/Myklebuststøylen. Dei som vil kan møte der, men samkøyring er bra.

Vi kan trulig køyre eit stykke på skogsvegen før vi tar beina fatt mot Myklebuststøylen (645 moh.).

Vi går opp Høgemannsdalen og videre mot Storlogpiken. Det er eit drygt stykke heilt til Ceciliekruna (1717 moh.) men det er ikkje so bratt før siste bakken. På toppen får vi forhåpentligvis  ei flott utsikt over Olden og toppane rundt. 


Det er faktisk ein distanse på ca 18 km kvar veg og ca 1300 høgdemeter stigning. Retur går same vegen, men det går raskere tilbake sjølv om der og er nokon oppoverbakkar. Ein bør ha fjellski med stålkanter og feller, men randoneeski kan og gå fint. Ta og med skismurning. Dette er ein lang tur som vil vare 11 - 12 timar, så ta med rikelig mat og gode klede. Skibriller kan og være lurt å ta med.

Dette er ein tøff tur som krev godt vær for ein oppheld seg i høgfjellet i mange timar. Derfor kan den og bli avlyst.

Det er inga påmelding. Turleiarar: Lars Raae (948 21 311) og Odd Henrik Berge.

Ein spleiser på transport.
Turavgift medlemar INT: Gratis, medlem i DNT kr 100 og ikkje medlem kr 200

 

Kontaktinformasjon: