Nyheit frå Barnas Turlag

Vi startar no opp barna si eiga turordning - 10 Turar med Turbo!

Dette er barna si eiga turordning, oppkalt etter Barnas Turlag sin maskot, fjellreven Turbo. Du kan gå fem turar og bli Turbo, eller gå ti turar og bli Superturbo!

Turbo lovar premiar til alle som har gått på fem turar. Det er ulike premiar til dei som har gått fem og ti turar. Du treng ikkje vere DNT-medlem for å delta, men det er kun medlemmar som er med i trekninga av hovudpremiane. Hovedpremiane er blant anna gåvekort gjeve av Alexandra  -  lunsj m/ bading for familie på fire (to vaksne og to barn), Gåvekort gjeve av Hagen AS på kr 500  pluss nokre spennande premiar frå Barnas Turlag. 

Dei to første kassene er komne ut og vi prøvar å få på plass dei fleste i løpet av mai. Info bir lagt ut på Facebook  etterkvart som kassene blir montert opp.

For meir info sjekk ut HER

Turbokassa på Vetledalssetra vart plassert ut 12. mai. 

Turbokasse - Vetledalssetra
Turbokasse - Vetledalssetra Foto: Ingrid Henjum

Turbokassa på Segestad vart plassert ut 14. mai. Fin vårtur!

Turbokasse Segestad
Turbokasse Segestad Foto: Ingrid Henjum

Skrevet av Jan Skaare 21. mai 2017